Kven eig kven?

Det seiast ofte at hundar liknar på eigarane sine. Kven eig kven?

Av Kristina Kvistad Hustad 18/04 - 2012 kl 10:37

Myte eller fakta:
Det er ikkje lett å sjå ved første augeblikk, men hunden er ofte lik eigaren sin. Gjettar du kven som høyrer saman her?

 

 

Stor, liten, tjukk, tynn, høg eller lav. Forskarar har ved fleire høve kome fram til at menneskets beste venn som regel liknar på matmor eller matfar. Stemmer dette, eller er det heile berre ein myte? Vi har møtt fem hundeeigarar som alle har forskjellige hunderaser. Kven av menneska ovanfor er eigar av verdas største hunderase? Og er det ein mann eller ei dame som forsørgjer dalmatineren?

 

 

 

Else Marie Ressem og Luckas

 

Lys og mørk:
Matmor er mørk, medan Luckas er lys.

Hunderase:Dalmatiner.

Kvifor valde du denne typen hund?

Eg ville ha ein god familiehund og turkamerat, og på same tid ein hund som eg kunne bruke til trening.

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i utsjånad?

Det er kanskje enklare frå den som står utanfrå å sjå. Men med tanke på utsjånaden, kan eg ikkje sjå så mykje. Han er lys og eg er mørk.

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i oppførsel?

Eg trur ikkje vi er så like, i grunnen. Vi er veldig aktive begge to, men ikkje stort meir enn det.

Trur du det ligg noko i at folk vel hund som liknar på seg sjølv?

Den som visste det. Når ein ser på TV, kan ein få inntrykk av det. men eg trur mange vel hund etter utsjånad. Om folk då går etter nokon som liknar på seg sjølv, det har eg ikkje peiling på.

 

 


Gunnar Støylen og Tim

Nye bestevennar:
Tim har nettopp flytta til Volda for å bu saman med Gunnar Støylen. Dei har allereie blitt gode kameratar.

Hunderase: Tysk spitz.

Kvifor valde du denne typen hund?

Eg har ein kamerat som hadde akkurat same type hund. Eg fekk lyst på same sorten sjølv, og såg i avisa at det var ei jente i Langevåg som ville selje hunden sin. Det er berre tre veker sidan, så Tim og eg har ikkje kjent kvarandre så lenge. Det er derfor eg går rundt og leier han i eit rosa band.

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i utsjånad?

Nei, det veit eg ikkje om vi har. Då må vi stille oss opp framfor spegelen i lag. Men heilt ærleg trur eg ikkje at likskapane er så store. Er dei det?

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i oppførsel?

Det er kanskje ikkje dei største likskapane der heller, men vi har begge eit godt lynne. Det er i grunnen aldri noko styr med nokon av oss.

Trur du det ligg noko i at folk vel hund som liknar på seg sjølv?

Ikkje i alle tilfelle, men av og til trur eg det kan stemme. Ein gong eg var ute og reiste, møtte eg ein tjukk eldre herremann. Han hadde store posar under auga, og såg småsur og sliten ut. Ved sidan av han gjekk ein kraftig bulldogg. Eg angrar den dag i dag på at eg ikkje tok bilete av dei, for det er noko eg aldri kjem til å gløyme. Dei var prikk like.

 

 

Jørgen Lyngvær og Atlas

Like i utsjånad:
Likt ytre:
Både matfar og Atlas har lange bein og smal rumpe, i følgje Jørgen Lyngvær.

Hunderase:Grand Danois.

Kvifor valde du denne typen hund?

Eg visste at det var rolege og fine hundar som var enkle å ha med å gjere, på trass av den store størrelsen.

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i utsjånad?

Det er mange som seier at eg og Atlas liknar på kvarandre. Vi er høge, og har begge veldig lange og tynne bein. Ja, og smal rumpe da.

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i oppførsel?

Tja, eg likar å tru at eg er like enkel å ha med å gjere som Atlas. På den andre sida må det nemnast at eg er 36 år og singel, så ein kan begynne å lure på om eg ikkje er så enkel likevel.

Trur du det ligg noko i at folk vel hund som liknar på seg sjølv?

Eg kan ikkje heilt forstå korleis eller kvifor folk skal velje hundar som liknar seg sjølve, men det kan hende det er noko sant i det. Folk vel det kanskje ikkje med vilje, men det er mogleg at dei vel utan å tenkje over det. Det kan i alle fall sjå sånn ut av og til.

 

 

 

 

Hege Lystad og Miko

Ville ha ei utfordring:
Hege Lystad valde Eurasier då ho kjøpte hund. Rasen er kjent for å vere sta.

Hunderase:Eurasier.

 

Kvifor valde du denne typen hund?

Eg synes det er ei fin rase. Eg ville ha utfordring, og tenkte at den kunne passe meg. Denne typen hund er kjent for å vere litt sta, og det likar eg.

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i utsjånad?

Det er ikkje så mange som eg kan sjå, men vi har lik hårfarge av og til! Kanskje andre klarar å sjå fleire likskapar? Eg kan ikkje sjå fleire.

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i oppførsel?

Vi er like sta begge to. Han likar dessutan å gjere akkurat det han vil, når han vil. Litt sånn er kanskje eg også.

Trur du det ligg noko i at folk vel hund som liknar på seg sjølv?

Av og til kan eg sjå det veldig godt på utsjånaden, men andre tider er det umogleg å sjå likskapar. Då er det kanskje personlegdommen som er lik. Eg trur uansett at det er noko i det.

 

 

 

 

Kari Ville og Stasho

 

Står i stil:
Sjølv om likskapen ikkje er slåande, meiner Kari Ville at ho og Stasho passar kvarandre godt.

Hunderase:Welsh Terrier.

Kvifor valde du denne typen hund?

Eg ville ha ein sjølvstendig hund, og eit kjeledyr som ikkje røyter. Denne rasa er veldig sjølvstendig og ikkje pysete. Den er i tillegg sta. Den er ekstremt sta!

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i utsjånad?

Nei, i utsjånaden er vi ikkje like. Men likevel føler eg at vi på ein måte står i stil med kvarandre. Gjer vi ikkje?

Kva likskapar ser du mellom deg og hunden i oppførsel?

Eg skal ikkje legge skjul på at eg er like sta som han. Når han har satt seg noko i hovudet, skal han gjennomføre det. Mor mi brukte å seie det same om meg då eg var yngre.

Trur du det ligg noko i at folk vel hund som liknar på seg sjølv?

Av og til trur eg det. Eg kunne ikkje tenke meg ein annan type hund enn den eg har. Eg hadde for eksempel aldri passa saman med ein typisk veskehund. Heller ikkje saman med ein rottweiler, det er berre ikkje meg. Den må passe til deg som person.


 

 


Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter