Bokkupp i Ørsta

Ørsta folkebibliotek har ein reol med bøker dei gjer vekk til kundene sine. Vi har tatt ein kikk på kva titlar ein kan sikre seg.

Av Renate Henriksen-Sandvær 18/04 - 2012 kl 18:47

Fleire bibliotek driv for tida med boksal. I Volda får du mellom anna ein pose bøker til tjue kroner, og i Ørsta gir ein vekk visse titlar heilt gratis. Vi var innom og sjekka tilbodet, og fann mange perler.

 

Krig og erindring
Krig og erindring

1. Herman Wouk: "Krig og erindring"

Herman Wouk skapte stor kontrovers med "Krig og erindring", verket i tre bind som er ein oppfølgjar til "Krigens vinder". Om titlane høyres kjende ut, er det på grunn av at dei vart filmatiserte med Robert Mitchum i hovudrolla som "Pug" Henry. Boka startar der "Krigens vinder" sluttar, med angrepet på Pearl Harbour. Vi følgjer familien Henry gjennom krigen, inklusive lagnaden til jødiske Natalie Henry og hennar onkel Aaron. Dei vert til slutt sendt til Auschwitz.

 

 

 

Bokutvalg Ørsta
Bokutval Ørsta

2. Trygve Bratteli: "Fange i Natt og Tåke"

Tidlegare statsminister Trygve Bratteli (Ap) var under andre verdskrig aktiv i motstandsrørsla, og vart fengsla av tyskarane i 1942. "Natt og Tåke" (tysk: Nacht und Nebel) var ein særskilt plan for å få politiske motstandarar til å forsvinne - dei skulle gjere hardt tvangsarbeid og få matrasjonar på eit eksistensminimum. Denne boka er Trygve Bratteli si forteljing om tida i fangenskap.

Sigrid Undset: "Kristin Lavransdatter - Kransen"

Sigrid Undset vann nobelprisen i litteratur i 1928 for trebandsverket om Kristin Lavransdatter. "Kransen" er første bok om Kristin sin barndom og ungdom. I tidleg alder vert ho lova bort til Simon Darre, som vanleg i tidleg middelalder i Noreg. Ho vert sendt til klosterskole i Oslo, der ho møter Erlend. Dei vert kjære i kvarandre, og frå det punktet byrjar kampen for kjærleiken mellom Kristin og Erlend. Filmen vart filmatisert i 1995 der Liv Ullmann hadde regien, og er ein av dei mest sette filmane i Noreg.

Alice Hoffman: "Sinn og skinn"

Alice Hoffman er ein amerikansk forfattar som skriv innen sjangeren magisk realisme. I "Sinn og skinn" opnar boka med eit sitat av Rossau: "Naturen narrer oss aldri. Det er alltid vi som narrer oss selv." Boka handlar om ein mann som har levd mesteparten av livet saman med ulvar. Han vert smugla ut av institusjonen han bor på av hovedpersonen Robin for at han skal greie seg i den "ordinære" røyndommen.

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter