Røvarkjøp på bøker

Biblioteket i Volda sel unna bøker dei ikkje lenger har plass til for tjue kroner posen. Biblioteket i Ørsta gir utvalde bøker vekk gratis. Nærnett har gått gjennom utvalet, og plukka ut nokre gode varp.

Av Renate Furre Henriksen-Sandvær 18/04 - 2012 kl 18:03

Som Nærnett fleire gonger har skrive om, held Volda Folkebibliotek til i tronge lokalar. Dermed må dei kvitte seg med bøker med jamne mellomrom. Boksalet har vart ei stund, men med noko labert sal. Det er difor framleis mogleg å gjere eit skikkelig varp, då dei sel bøker til tjue kroner posen. Vi har sett på nokre av titlane som er å få kjøpt.

Vi var også på Ørsta Folkebibliotek.

Fredmans Epistler og Sanger

 

1. Carl Michael Bellmann: Fredmans epistler og sanger

Carl Michael Bellmann er Sverige sin nasjonalskald, og gjorde seg berømt med å mellom anna skrive songar om livet i Stockholm på syttenhundretalet. "Fredmans epistler" er hovudverket til Bellmann, og i denne utgåva er utvalet av songar redigert av Åse Kleveland. Bellmann er òg favoritten til Arne And, teikneseriefiguren som i si tid vart saksøkt av Disney.

 

 

 

 

 

Dagdrivergjengen

2. John Steinbeck: "Dagdrivergjengen"

 

John Steinbeck vann Nobelprisen i litteratur i 1962, og hadde då eit langt forfattarskap bak seg. "Dagdrivergjengen" (på engelsk "Tortilla Flat") vart utgjeven i 1935, og vart filmatisert i 1942 ned Spencer Tracy i hovedrolla. Boka tek føre seg liva til ein gjeng svirebrør i Monterey, California og deira noko utradisjonelle metodar for å skaffe salt i grauten og måtar å unndra seg ærleg arbeide.

 

 

 

 

 

 

Frank Lande slår ned Bertine Zetlitz på åpen gate

3. Frank Lande: "Frank Lande slår ned Bertine Zetlitz på åpen gate"

 

Frank Lande debuterte med denne boka i 2006, og er avbilda heile fem gongar på coveret. Forteljaren Frank Lande vil bli ein hylla kulturkjendis, men arbeidar på foreldra sitt gartneri. Så kva kan han gjere? Jau, han kan snu historia. Og med ei veksande tidsklemme kjem trongen til å klone seg sjølv for å få tida til alt.

 

 

 

 

 

 

Marx for begynnere

4. "Marx for begynnere"

Karl Marx har dei fleste høyrt om. Men kva sa han eigentleg? Og kva meinte han med det? "For begynnere" er ein bokserie som gir ein introduksjon til mange ulike tema, til dømes filosofi. Marx' sine idear vert i denne boka forklart på ein enkel og likefram måte, og er ein god introduksjon til tenkjaren mange meiner mykje om.

 

 

 

 

 

 

 

Douglas Adams

5. Douglas Adams: "På tommeltotten til melkeveien"

Douglas Adams er ein science fiction-forfattar som ikkje berre fann meininga med livet (den er sjølvsagt 42), han skreiv og gode bøker. "Haikerens guide til galaksen" var opphavleg ein hørespelserie, men vart etterkvart fem bøker. Dette er den første boka i serien, og den Adams er mest kjent for.

 

 

 

 

 

 

 

Lilit

6. Espen Haavardsholm: "Lilit"

Espen Haavardsholm debuterte med novellesamlinga "Tidevann" i 1966, og er kjent for å ha høyrt til kretsen rundt tidsskriftet Profil. I denne boka frå 2001 nøstar forteljaren Endre Sand i psyken til Katja, etter at ho på brutalt vis har tatt livet av ektefellen Uno. Uno og Endre kniva i si tid om Katja sin gunst. Kor gjekk dei gale undervegs? Og kunne ein unngått det som skjedde?

 

 

 

 

 

Sjølvsagt let og journalisten seg freiste av dei lekre titlane som låg og baud seg fram. Så kva bøker plukka så underteikna med seg?

1. Lene Wikander - Salt

2. Yan Lianke - Tjen folket!

3. Knut Faldbakken - Evig din

4. Lise Gundersen - Dattera til Elvis

5. Vetle Lid Larsen - 2

Frå Volda bibliotek får vi vite at dei også kjem til å selje faglitteratur etterkvart. Kva titlar og kor stort utvalet blir, er enno ikkje klart.

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter