Kvardagsmat: Lauksuppe

Har du brukt opp alle pengene dine på øl, sushi og X2-billetter, seier du? Ikkje fortvil, kokken Thor-ild er her for å hjelpe deg. Du skal no få oppskrift på ei suppe det går an å grine trippelt av: Den gode smaken, den forbaska løkkuttinga og den låge prisen. Om du droppar gratinering med brød og ost, kan suppa kosta deg så lite som fem kroner per porsjon! Billigare på denne sida av Bollywood? Neppe.

Av kokken Thor-ild 17/04 - 2012 kl 12:22

Lauksuppe_artikkel
Lauksuppe

 

Til fire

5 lauk

2 fedd kvitlauk

2 ss margarin eller nøytral olje

2 ss kveitemjøl

2 ts timian

1 liter grønnsaksbuljong

Svart peppar

Rens og kutt lauken i to, og kutt deretter i skiver. Om du puster med ope munn, vert det nokre færre tårer. Og ja, du kjem til å sikle. Sett ei tjukkbunna gryte på medium varme, surr lauken til han får ei jamn brunfarge. Tilsett kvitlauk og fres for å fjerne råsmak, eit minutt eller to. Gjer det samme med kveitemjølet, jobb det skikkelig inn i lauken. Hell på buljongen, tilsett timian og kok opp på svak varme. La koke i ein halv time.

Om du vil, kan du gratinere suppa. Då har du suppa i eldfaste skåler, legg loffskive på toppen og drysser ost på. Gratiner så i omnen på 225 grader i rundt fem minutter, til osten har smelta. Sjølv nytter eg berre ordinært grovbrød og mjukt margarin til. Suppa kan sjølvsagt fryses ned.

God middag!

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter