Visdom frå levd liv

Aashild Klepp takkar Gud for at ho enno har forstanden i behald. Det har ho gjort i 104 år.

Av Ida Solberg 15/04 - 2012 kl 13:35

”Då eg reiste heimatt etter opphaldet i Oslo, og såg fjellheimen kome til syne oppover Gudbrandsdalen, fekk eg tårer i augo. Då skjønte eg at det er her eg høyrer heime.”

Aashild Klepp
Aashild Klepp har gjort seg opp nokre tankar om livet, og deler dei gjerne då vi besøkjer ho i Kapteinstova ved omsorgssenteret.
Aashild Klepp har gjort seg opp nokre tankar om livet, og deler dei gjerne då vi besøkjer ho i Kapteinstova ved omsorgssenteret.

 

104 år gamle Aashild Klepp er sunnmøring på sin hals. Unødig å seie, er ho ein av Voldas eldste innbyggarar. Ho er fødd i 1908. I dag bur ho på omsorgssenteret, og når eg møter ho, sit ho innpakka i eit teppe i godstolen på rommet sitt. Radioen står på, vindauget er ope. Eg spør om ho ikkje frys, men ho må ha frisk luft, seier ho. Eg set meg ned i stolen ved sidan av. Aashild vender blikket mot meg, strekkjer handa sakte fram mot meg.

- Få kjenne på håret ditt. Det er mjukt. Du er blond, er du ikkje? Du skjønar, eg ser mest ingen ting. Slik har det vore i fleire år no.

Bortsett frå nedsett syn, er Aashild klår og oppegåande. Håret er nykrølla, den blå blusen er rein og glatt, hendene er samla i fanget. Ei staseleg dame.

 

Frå Folkestad til Oslo

Aashild Klepp vaks opp på Folkestad ilag me mor, far og fire sysken. Seinare kjøpte faren ein gard på Lauvstad, og familien flytte dit.

- Vi var tre jenter og tre gutar. Eg var eldst, og fekk streng beskjed av far min om å hjelpe mor med arbeid i heimen. Han var nemleg mykje borte på fyrarbeid langs kysten. Eg prøvde å lyde mor mi så godt eg kunne, og eg hjalp ho med glede. Då eg var fjorten, måtte eg imidlertid ut å tene på gardar rundt om. Det treivst eg godt med, men det var vondt då dyra skulle slaktast.

Som tjueåring, reiste Aashild til Oslo, og tok fatt på sjukepleierutdanning ved Aker sjukehus. Seinare arbeidde ho der ei tid, blant anna tok ho huspost hos ein familie. I 1938 vart derimot heimlengsla for stor, og Aashild tok fatt på vegen heimatt til kjente trakter. Til saman budde ho ti år i hovedstaden.

- Det var gode år i Oslo, men det var ikkje der eg høyrde heime.

 

Ekteskap og romantikk

Aashild gifte seg med voldingen Herman Klepp i 1938. Dei busette seg på Hauane i Volda, og fekk to soner i lag. Herman døydde i 1995, etter mesta seksti års ekteskap.

Eg spør Aashild kva ho tenkjer om dagens høge skilsmissestatistikk:

- Eg kunne aldri tenkt meg å skiljast frå mannen min. Når ein fyrst har laga seg ein heim, skal ein vera takksam for å ha kome såpass langt. Då skal ein ikkje øydelegge det ein har bygd opp. Det er dumskap at folk skil seg så lett i dag.

Kva er så hemmelegheita bak eit langt og lykkeleg samliv?

- Den eine må bøye seg, og den andre må tøye seg. Når ein skal leve ilag, kan ein ikkje berre tenkje på seg sjølv. Dessutan er det viktig å finne ein måte å arbeide godt ilag på.

Vart det tid til litt romantikk?

Leppene til Aashild formar seg til eit vagt smil. Augene, som til no har vore lukka, åpnar seg så vidt.

- Det vart vel dèt, kanskje.

 

Plukka hylser etter tyskarane

Eg sit her ilag med ei dame som hugsar både fyrste og andre verdenskrigen. Og månelandinga, murens fall og drapet på John F. Kennedy, for den del.

- Eg hugser at vi gjekk og plukka opp våpenhylser etter tyskarane.

Var du redd nokon gong?

- Nei, i grunn ikkje. Men det var om å gjere å halde seg på matta, og ikkje gjere noko gale, slik at ein ikkje vart tysta på. Det fanst lokale nazistar òg. Vi hadde ein bortgjømt radio.

Kva hugser du frå fyrste verdenskrigen?

- Eg var ganske lita då, men eg hugser at det var smått med maten. Smør fanst ikkje. Mor smurde av og til litt grautrestar på skivene, om vi hadde. I tillegg hadde vi ein åker der vi dyrka potet og gulerøter, så vi klara oss ikkje så aller verst. Men smakfullt, var det ikkje.

Saka fortset under biletet

Aashild Klepp
Aashild Klepp
Aashild Klepp var 5 år då det vart innført allmenn stemmerett for kvinner. 32 år då Tyskland invaderte Noreg. 41 år då Noreg vart medlem av NATO.

 

Ikkje berre fryd og gammen

Korleis er det å ha runda hundre år, og vel så det?

- Den siste systera mi døydde for tre år sidan. Eg har overlevd alle. Kanskje mange ikkje trur det, men det er tungt å bli så gamal.

Men Aashild har òg gode minne å sjå attende på:

- Eg hugsar så godt då han far kom heim kvar jul, etter fleire månader på arbeid. Han tok alltid med gåver til meg og systrene mine, og vi var så grenselaust lukkelege for å sjå han att. Og så må eg no nemne barn og bryllaup, det var minneverdige hendingar. Ja, eg har mykje å takke for.

 

Før og no

Eg konfronterar Aashild med utsagnet ”alt var betre før”. Ho tenkjer litt, så ristar ho lett på hovudet.

- Ein lyt ta det som dagen gir. Kvar dag har sitt særpreg, sine gleder og sorger.  Slik var det før, og slik er det no. Kvar dag er ein gave, det lyt ein prøve å hugse på.

Men kva er , i dine auge, den største forskjellen på oppveksten din og oppvekst i dag?

- Det har vel mykje med data og mobil å gjere. Slikt hadde ikkje vi. Sonen min vil lære meg korleis ein slik mobiltelefon verkar, men eg orkar ikkje å begynne med det. Dessutan er alt så lettvint i dag. Vi låg på golvet og skura til det skein. I dag har dei ein slik lang stav som dei berre sleivar over med.

Mopp?

- Mopp, ja. Ein skal lære seg å arbeide og gjere ting ordentlig. Då trivst ein best i heimen.

Du har levd i 104 år, Aashild. Har du funne ut kva meininga med livet er?

- Hemmelegheita er å tru på Gud.

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter