For få søknader

I fjor var det over 300 som ville ta mastergradutdanning ved Høgskulen i Volda. I år er det over 100 færre søknadar.

Nytt i år er at søknadsfristen for mastergradstudium er flytta fram frå  1. mars til 15. april. Opptakskonsulentane Per Johan Ramsli og Ragnhild Hamre fortel at denne endringa kan vere grunnen til dei låge søkartala.
- Studentar som har tatt høgare utdanning er vande med å ha søknadsfrist den 15. april. Vi valte difor å utsette den opphavlege fristen. På bakgrunn av dette for forventar vi at fleire vil nytte seg av moglegheita til å søke på eit mastergradstudium, fortel Ramsli.

Brynjulv Gjerdåker

håper på fleire søkjarar

til mastergradstudiet

kulturmøte.

Foto: Veronica K. Pilskog

Ulike meiningar
Ansvarleg for mastergradstudiet kulturmøte Brynjulv Gjerdåker, kan også opplyse om få søkjarar.
- Vi har hittil i år fått inn ti søknader, fire på heiltid og seks på deltid, men håper sjølvsagt  på fleire. Det er vanskeleg å vite kva som er årsaka bak dei låge søknadstala, men eg trur for lite annonsering og tynn informasjon om studiet kan vere forklaringa, fortel Gjerdåker.
Ramsli og Hamre meiner derimot at annonseringa om dei ulike mastergradstudiuma har vore bra.
- Vi har annonsert både i regionale og lokale aviser og vore med på fleire ulike utdanningsmesser i både Lillestrøm, Trondheim og Ålesund, understrekar Ramsli.
- Men sjølvsagt kunna det sikkert vore annonsert enda meir, legg Hamre til.

Breitt utval
Høgskulen i Volda tilbyr fleire ulike mastergrader som samfunnsplanlegging og leiing, spesialpedagogikk, helse og sosialfag, kulturmøte, og nynorsk skriftkultur.  Ein kan fritt velje å ta desse studiuma på deltid, over fire år eller på heiltid, over to år.
- Vi har omtrent like mange studieplassar på deltid som på heiltid, opplyser Ramsli.
Han fortel også at alle mastergradene, bortsett frå spesialpedagogikk, har ledige studieplassar til hausten.
- Å ta mastergrad i spesialpedagogikk har alltid vore eit populært studium ved Høgskulen i Volda. Det er mange som ønskjer å vidareutdanne og spisse sin tidlegare pedagogiske utdanning,  noko som truleg er forklaringa bak dei tidleg fylte listene.

Skrevet den 10/03 - 2010 kl 10:54 av Veronica Kvalen Pilskog

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter