Nærnett
Vi kommer tilbake i høst!
- Din jævla fiksjon! roper forteljaren Stephen Walton til omsetjar og romanfigur Bodvin Rovde når sistnemnte legg ned arbeidet i protest mot forteljinga han sjølv er ein del av.

Før ein kjem så langt, har Rovde si livssoge vorte grafisk utpensla frå oppveksten i Vanylven til han sit nedbroten på eit småbruk ved svenskegrensa.
Rovde får sparken
Han starter ved Universitetet i Haugesund, som stipendiat i kjøleskapforsking. Der får han sparken fordi han spør kvifor forskarane ikkje forskar. Neste jobb er norsklektor i USA, der han får sparken for å ha hatt seg med ein av studentane og kalla ein annan neger.
Eit intermezzo i Las Vegas som barpianist, via mentalt samanbrot på sofaen hjå lege-søstera til Rovde oppheld seg på svenskegrensa i eit morkent småbruk. Det er her han melder seg som omsetjar for Samlaget, og tar på seg å omsetje ei reiseskildring frå Sørstatane, skrive av professor i nytta kjønnsforsking, Simon Anderson.
Les også: Mysteriet Bodvin Rovde
Romanfiguren er ein fiksjon
Ei smal sak for glupingen? Det skulle ein tru. Men Rovde får ikkje eit manus - han får to. Det andre manuset vert fortalt av ein viss Stephen Walton, og avslører for Rovde at han sjølv er ein romanfigur.
Eg kan seie så mykje som at forteljaren må gripe inn for å få Rovde til å gjere jobben sin. Mellom anna skrik til sin eige romanfigur at han er ein fiksjon!
Forfriskande mangel på sjølrefleksivitet
Rovde er beint ut forfriskande med sin svimeslåande mangel på sjølvrefleksivitet, og er ikkje usympatisk i sin framturing. Då har eg heller eit større problem med dei to heltane i historia - Ahmed og Eli. Dei vert veldig gilde midt i all toskeskapen til Rovde og co. Nokre antipatiar hjå forteljaren vert og litt for utmala. Men det er smårusk.
Romanen er i det heile ein svir å lese, frisk i språkføringa og er spesielt proppfull av filmreferanser. Meta-perspektivet, der Rovde tester grensene for kvar grensene for ein romanfigur i ei forteljing er, fungerer greit. Det er eit kjent grep, men gjer ikkje skam på historia.
Om du tåler ei god satire, friskt språk og himmelropande paradoks - då er denne historia for deg. God bok!
Siste Sport
16:06
Punktering før ti minutter28:04
Se kampen mellom Volda- Surnadal27:04
Følg kampen live fra 14:0013:04
Se Volda Fotballs seriestart live12:04
Takk for oss!12:04
- All ære til Dimna IL11:04
Avfeier nedrykk10:04
Følges av Usain Bolt10:04
Ingen TV-kamper fra Norgesmesterskapet i fotball10:04
Spenning i serieåpninga08:04
Syvendeplass sammenlagt for Ingvild08:04
Overtidsdrama da Hødd tapte i seriepremieren08:04
Topptrener klar for Volda07:04
- Jeg ser ikke bort ifra at vi passer bedre i eliteserien06:04
Tidligere Molde-spiss klar for HøddSiste Kultur
18:04
- Ingen bryr seg om karakterer12:04
Takk for oss!11:04
Fullsatt sirkus11:04
Dagsland til Ørsta11:04
Kvar er eigentleg sentrum?11:04
Georg Lipai rauk ut av Idol11:04
Hvorfor er det så ukult å være alene?10:04
Ville levd Volda om igjen10:04
Age of Empires II ute i ny versjon09:04
Havregryn for alle penga!09:04
Mangler frivillige09:04
- Kom dere ut i verden!09:04
Ikke lettlurt08:04
- Verdens triveligste filmfestival!08:04
- Vi begynner å bli ganske drevneSiste Nærsynet
12:04
Takk for oss!11:04
Nærsynet 11. april09:04
Nærsynet 9.april06:04
Nordmenn reiser som aldri før05:04
Tar korteste vei05:04
Tirsdagsklubben - et stort høydepunkt04:04
Discgolf - en sport for alle04:04
Finner slektninger med bomullspinner04:04
Nærsynet 04.04.1304:04
Frykter ny påkjørsel04:04
Ørstingers forhold til selvangivelsen04:04
Saknar kvinnene03:04
Nærsynet 03.04.1422:03
Påskeferie22:03
Svaret på snømytaNyheter