Les siste utgave som PDF
Lensmenn for sjukehus
Lensmenne i Ørsta og Volda meiner at nedbygging av akuttmottaket ved sjukehuset i Volda, vil føre til dårlegare beredskap.
- Akuttmottaket ved sjukehuset i Volda er viktig ulukkesberedskap, og står for rask evakuering, seier lensmann i Ørsta, Guttorm Hagen til Nærnett. Saman med lensmann i Volda, Jostein Vatne, har Hagen laga ei uttaling der dei seier at beredskapen på Søre Sunnmøre vil bli dårlegare ved ulukker, som til dømes bilulukker og naturhendingar, utan sjukehuset i Volda.
Lensmennene i Ørsta og Volda meiner at beredskapen blir dårlegare dersom akuttmottaket ved Volda sjukehus blir lagt ned.
I uttalinga blir det understreka at Eiksundsambandet og Kvivsvegen skapar behov for beredskap på grunn av auke i talet på tunnelar. Lensmennene viser til at beredskapsplanen rundt Eiksundsambandet allereie har vist seg å fungere. Dei legg vidare vekt på at ambulansehelikopter ikkje alltid vil kunne fly på grunn av dårlege vêrforhold, og dei fryktar at ambulansar ikkje vil komme tidsnok fordi dei er opptatt med transport til Ålesund.
Fryktar tap av liv
Hagen er redd for at det vil ta lengre tid før folk får hjelp, og at dette vil vere avgjerande for livet til folk.
- I nokre tilfelle har det vore avgjerande for menneskeliv at ein har hatt akuttmottak i Volda, seier Hagen.











