Les siste utgave som PDF
Auke i boksalet
Fagbok ved Høgskulen i Volda har det siste året selt mange fleire bøker enn før.

Bente Strømmen utanfor Fagbok
ved Aasen-huset.
Foto: Veronica K. Pilskog
Butikkmedarbeidar Bente Strømmen fortel at avviklinga av bokutsalet til Haugen Bok og breiare utval i bøker er noko av det som har fått studentar til å handle meir i bokhandelen ved høgskulen.
- Ved semesterstart i haust fekk vi gode pensumlister frå dei ulike avdelingane. Dette gjorde at vi fekk tilbydd det meste av nødvendige bøker til studentane. At vi har det som studentane treng, har alt å seie, fortel ho.
Har store fordelar
Strømmen fortel også at det å kunne ha fysisk tilgang på bøkene og hjelp frå tilsette er ein stor fordel.
- Det er alltid kjekt å kunne bla i bøkene og ha anledning til å spørje dei tilsette om råd. Det er ikkje sikkert at dei tretti sidene du skulle kjøpt, er så nødvendige likevel, fortel ho.
Ho understrekar at Fagbok også gir moglegheit til raskt byte av varer, noko du ikkje har anledning til ved netthandel.
- Her kan du berre kome med kvitteringa, seier ho.
Samanliknar prisane
Fagbok prøver heile tida å samanlikne prisane sine mot ulike nettbokhandlarar.
- Ofte har vi avslag på utvalde bøker. Dette er som regel bøker som har ein rimelegare pris på nettet, og som studentane treng. Føresetnaden er at bøkene er frå 2008 eller eldre, fortel Bente.
Fagbok er litt som Coop, litt ditt, meiner ho.
- Sidan Fagbok er ein del av Studentsamskipnaden (SfS), går delar av inntekta tilbake til studentane, fortel Bente smilande.











