ØRSTA: Berre eit lite skilt tydar på at dette er lokala til Sivilforsvaret Ørsta/Volda.

– Vi må vere tilgjengeleg for dei som verkeleg treng det

Skulle det oppstå ein krisesituasjon i landet, må vi vere førebudde. Ved å følge viktige førehandsreglar, kan sivilbefolkninga lette på trykket til forsvaret.

Publisert
SIVILFORSVARET: Jonas Reitan er leiar av sivilforsvaret Ørsta/Volda.

ØRSTA: Europa i dag er prega av krig og konfliktar. Ein pandemi har for ikkje lenge sidan skapt historie i heile verda. Nærnett har snakka med leiar av sivilforsvaret Ørsta/Volda, Jonas Reitan, for å høyre kva enkeltpersonar kan gjere for si eiga sikkerheit. 

Han meiner det er ein annan ting enn krig og pandemi vi i Norge er mest utsett for:

– Dei siste åra har risikoen for krisesituasjonar blitt høgare både her og i verda elles. I dag er samfunnet heilt avhengig av internettet. Det gjer oss sårbare og utsette. Den umiddelbare trusselen er at nokon koplar oss ut, seier Reitan.

Nede ved fjorden i Ørsta ligg fleire lager og garasjar vegg i vegg. Berre eit lite skilt over garasjeporten skil lageret til sivilforsvaret Ørsta/Volda frå dei andre. 

Vi blir ynskt velkomne av Reitan som er kledd i sivilforsvarets uniform og eit varmt glis:

– No skal dokker få kome inn i det dårlegaste lageret på Sunnmøre, seier Jonas Reitan.

Må ta førehandsreglar

I ei verd med mykje uro kan ein bli uroa for eiga sikkerheit. Likevel fortel Reitan at dei ikkje opplever folk som bekymra i sitt område.

– Det er det heller ingen grunn for. Men vi tek førehandsreglar, det vi gjere, seier den uniformkledde mannen.

På veggene rundt han heng det refleksvestar, verktøy og brannslangar. Heldigvis er utstyret på innsida i betre fatning enn lokalet i seg sjølv. Det er trass alt snakk om viktige samfunnsoppgåver.

Sivilforsvarets oppgåve i fredstid er å støtte opp om naudetatane, det gjeld både for brann, helse og politi. I krigstid eller i andre krisesituasjonar er oppgåva å verne om sivilbefolkinga. 

Du er ein del av beredskapen i Norge

Det er likevel nokre ting befolkinga sjølv kan gjere for å lette trykket i slike situasjonar. Reitan viser fram ein brosjyre med tittelen «Du er ein del av beredskapen i Noreg».

EIGENBEREDSKAP: I denne brosjyren får du vite alt du treng om eigenberedskap.

– Her står alt du treng til ditt beredskapslager. Det viktigaste er å ha nok vatn og klede og pledd til å halde varmen. Ein skal rekne ni liter vatn per person, fortel Reitan medan han viser fram brosjyren.

– Og gassbrennar! Det er viktig å ha alternativ til straum tilgjengeleg, legg han til.

Brosjyren er ein rettleiar for korleis du kan førebu din eigenberedskap. Reitan meiner det er viktig at folk har eit slikt lager heime. 

– Vanlege, oppegåande menneske må ha eit slikt lager med eigenberedskap. Då kan vi bruke våre ressursar på dei som verkeleg treng det, forklarar Reitan.

Eigenberedskapen bør oppbevarast på eit mørkt og kjøleg rom. Det er viktig at det er frostfritt for at ikkje vatnet skal fryse til. Ein kjellar kan vere optimalt.

INTERNASJONALT SYMBOL: Den blå trekanten på oransje bakgrunn symboliserer sivilforsvaret. Den er lett å leggje merke til og å hugse.

Ta vare på kvarandre

Brosjyra som Reitan viser fram skal ha blitt sendt ut til alle husstandar i landet. For sivilforsvaret er det viktig at flest mogleg innbyggjarar har det som står i den. 

– Har du alt sjølv?

– Ja, eg må berre ordne radioen, den har blitt øydelagd. Og så byter eg vatnet kvart år. Det er ikkje noko farleg å drikke gammalt vatn, det er mest for smaken at eg byter det ut, seier Reitan smilande.

Men er det noko anna vi kan gjere enn å samle opp eit beredskapslager? Det har sivilforsvarsmanen eit kjapt svar på:

– Ta vare på kvarandre. Spør korleis det går, besøk naboen. Ein kan aldri vite kva andre slit med, avsluttar Reitan.

Powered by Labrador CMS