PROTESTERAR: Naturvernstudentane møtte opp med eit tydleg bodskap til politikarane i Volda utanfor Rådhuset.

Unge mot utviding av torskeoppdrett

Ode ynskje å utvide torskeproduksjonen. Tysdag 12.mars vart kommunestyret i Volda møtt av banner utanfor rådhuset med tekstane «La kysttorsken leve» og «Nei til oppdrettstorsk».

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Ode har søkt til Møre og Romsdal fylkeskommune om ei utviding av anlegget "Alida" med fem ringar og ei auke av biomassen frå 3600 tonn til ca. 7000 tonn. Dette stiller naturvernstudentane seg kritisk til.

— Kommunen var også frustrerte. Dei har ikkje makt til å bestemme over sin eigen fjord, seier Kajsa Haabet Kleivane i Naturvernstudentane.

ENGASJERT: Kajsa Haabet Kleivane er aktiv i Naturvernstudenane.

— Kva seier forskinga om konsekvensane for utvidinga?

— Dei har funne ut at oppdrettstorsken gyt i motsetnad til oppdrettslaksen, noko som fører til at dei små fiskeegga til torsken fell utanfor anlegget, fortel Kleivane.

Vidare seier ho at det kan skape negative konsekvensar som forureining av genene til kysttorsken når dei parar seg med oppdrettstorsken.

— Torsken blir dummere og latere, seier naturvernsstudenten.

Forskarar ved Havforskningsinstituttet meiner at oppdrettstorsk i fjordane svekkar den ville torsken, ifølge NRK.

Ynskjer fem nye ringer

Oppdrettsanlegget vil bli utvida med fem ringar, står det i sakspapira. Det nye anlegget vil bestå av 15 ringar på 120 meter.

— Kor mykje makt har politikarane til å bestemme det?

— Dei bestemmer arealplanen, og kva område som er sett av til kva. Det betyr at viss dei set av områda til akvakultur så har dei indirekte sagt at her er det greit å ha oppdrettsanlegg, seier Kleivane.

— Har dere noen krav dere ønsker å komme med?

— Eg er ikkje herifrå, men eg hadde ikkje ønskt at det same skulle hendt på min heimstad. Om ein ikkje stoppar denne utviklinga, så bør i alle fall nedskalering vere eit alternativ, legg ho til.

Spre bodskapet

Kleivane fortel at genforureining på lang sikt kan føre til at den norske kysttorsk-bestanden blir kraftig redusert.

— Dette vil få konsekvensar for heile økosystemet i fjordane og vi vil miste ein berekraftig matressurs.

— Har du ei oppmoding å kome med til dei som bur her?

— Å skaffe seg ei mening rundt temaet er ei fin byrjing. Det nyttar å seie frå, avsluttar Kleivane.

Natur og Ungdom har også eit lokallag på Volda videregåande skule som er engasjert i saka.

Powered by Labrador CMS