SMAKSPRØVE: Johannes Madsen smaker på fersk tang som er nyplukka frå sjøen

Tang og tare kan bli ein delikatesse i framtida

På den værbitte øya Runde utforsker naturvegleiaren Johannes Madsen havets skatter, tang og tare. Det kan bli vanleg å finne i kjøkkenhylla ein gong.

Publisert Sist oppdatert

Ved den majestetiske kysten av Sunnmøre, ytst i vest, finn vi den vesle øya Runde. Ei øy som er heimen for mykje naturprakt og kanskje mest kjent for lundefuglen. 

Medan lundefuglane overvintrar i Atlanterhavet, er det eit heilt anna dyreliv som står i fokus. Vi må dykke under havoverflata. Og inn i algeverda.

– Vil skape interesse

På andre sida av det ærverdige lundefjellet møter vi Johannes Madsen. Han er naturvegleiar ved Runde miljøsenter og deler sin lidenskapelege interesse og kunnskap om naturen.

– Eg har alltid vore fascinert av naturen, fortel Johannes mens han vandrar langs sjøkanten og ser utover havet.

STORFANGST: Johannes viser fram det forskjellege han fanga denne dagen.

Johannes kjem frå Danmark og studerte naturforvalting. Men han ville vere meir ute i naturen, så då flytta han til Noreg og Volda for å studere friluftsliv og naturvegleiing.

– Å kunne formidle naturens hemmelegheiter til andre er verkeleg ei gåve, smiler han.

No er han på Runde på grunn av interessa han har for naturen og eit ønskje om å spreie kunnskap om den naturen som omgir oss. 

Og midt i mars månad er Runde perfekt for ein ting; Tang og tare.

Naturens skattar

Havet byr på mange hemmeligheiter og Johannes elskar å vise turister det rike mangfaldet av tang og tare som skjuler seg i fjøra.

– Det er ei fantastisk verd som opnar seg når ein byrjar å utforske fjøra, fortel han før han bøyer seg forsiktig ned og dreg opp eit enormt tareblad.

KROKODILLESKINN?: Han seier at mønsteret kan minne om skinnet til ei krokodille

Johannes seier at dess meir folk bruker naturen, dess meir har han lyst til å ta vare på den og dele interessa si for den.

– Det er absolutt den typen formidling eg vil jobbe med her, så eg føler meg veldig heldig som får lov til det.

Og formidlinga stoppar ikkje berre ved å vise fram naturens skattar. Johannes deler også kunnskapen sin om korleis ein kan bruke tang og tare i matlaging.

Passer til kjøkkenet

– Vi trur folk blir litt nysgjerrige på tang og tare, og at dei blir inspirerte av at det går an å bruke det i matlaging, forklarer Johannes mens han viser fram både fersk og tørka tang.

Han tek ein bit og forklarer engasjert om korleis det kan brukast på kjøkkenet.

BACON: – Steiker du det her i smør så smaker det som bacon

Johannes' tips til tang og tare sanking

Gå på taresanking medan det er fjære. Ta med ein kniv eller ei saks og gjerne ein liten nettsekk slik at dei får puste litt. Så er det eigentleg berre å bevege seg forsiktig rundt i fjæra. Det kan vere glatt så ein må vere forsiktig. Eg anbefaler at ein klipper av berre det ein ønsker å sanke slik at ein ikkje tar meir enn ein treng. Til slutt, ikkje ta heile tang- eller tarebladet, berre ta det som ikkje er vekstsona.

– Moglegheitene er uendelege. Det er mange vitaminar og mineral i det som gjer at det kan erstatte matretter og bli brukt som krydder, seier han og byr oss på ein smakebit av tørka tang.

Johannes legg til at han trur tang og tare vil bli ein ressurs som ein gong i framtida vil få sin naturlege plass på kjøkkenet.

– Eit godt suplement

Johannes tek opp ein liten grøn plante frå sjøen. Ved første augekast ser ikkje dette ut som noko ein vil putte i munnen. Men Johannes forklarer eigenskapane til denne lille planten.

– Tang og tare er sunt i rette mengder. Og eg trur det er eit veldig godt supplement til den maten vi et i dag.

REMMETANG: Dette kan kanskje erstatte spagetti i framtida
FERSKT: Fersk tang og tare som blir oppbehaldt i vatn.
TØRT: Tørrtang som kan bli brukt som krydder

Og det er akkurat slike kunnskapar han vil dele.

– Dette er remmetang, eller på engelsk "spagetti seaweed". Dette kan vi bruke istadenfor pasta. Ein kokar det på same måte og tilberedar det likt, fortel han medan han viser oss det som faktisk liknar på spagetti.

– Må vise at det er mogleg

Johannes seier at så langt har ikkje så mange delteke på tang-safari på Runde. Det synest han er synd, mens han ser seg rundt på tangen.

– Vi må bli flinkare til å vise fram moglegheitene som ligg i dette unike havets skattkammer, seier han.

Ved å synleggjere korleis tang og tare kan berike kosthaldet vårt og samtidig ivareta naturen, trur Johannes at fleire vil bli nysgjerrige og prøve det ut.

ENTUSIAST: Johannes er skikkeleg oppteken av naturen og kva vi kan bruke den til.

Ei open haldning og litt kunnskap

Med våre forsiktige steg bevegar vi oss langs fjærekanten. Bølgjene slår inn mot land. Rett over eit hav av moglegheiter. 

Gjennom Johannes sin lidenskap og kunnskap blir tang og tare ikkje berre ein del av naturen, men også ein del av vårt kulinariske eventyr ved kysten. 

Johannes avsluttar med ei oppmoding til alle som er nysgjerrige på tang og tare, men som kanskje ikkje tør.

– Ta med deg ei open haldning og litt kunnskap om naturen, så vil du oppdage ei heilt ny verd som ventar på å bli utforska, smiler den blide entusiasten.

Powered by Labrador CMS