Pia spring mot draumen

15-åringen Pia Flatjord Tofteland vil bli best i landet på tresteg og lengdehopp.

Ho drøymer også om OL.

– Eg kjem til å satse stort og lenge.

Det er måndag kveld, og Pia skal trene sprint med far på sidelinja.

Planen var å trene inne i Ørstahallen, men løpebana er ikkje klar.

Dermed vert treninga flytta ut i den kjølige vårlufta.

Pia tek det med eit smil.

– Det er litt kaldt, men det går fint, seier ho, medan ho tek på seg hettegensaren etter ein spurt.

Store draumer krev stor innsats.

9. klassingen sjonglerer ein travel skulekvardag med mange treningar i veka.

Det harde arbeidet gjev resultat.

For to veker sidan vann Pia bronsemedalje i tresteg i nasjonalt ungdomsmeisterskap i friidrett.

Der sette ho personleg tresteg-rekord på 10,81 meter.

— Då vart eg skikkeleg stolt og glad, fortel Pia.

Foto: Sandnes IL

Foto: Sandnes IL

Foto: Sandnes IL

Foto: Sandnes IL

Privat foto

Privat foto

Ho understrekar at vegen til UM-bronse ikkje berre har vore enkel.

I fjor hadde Pia trøyttleiksbrot i seks bein i foten. 

- Eg måtte gå med krykkjer i seks veker, men eg hadde ganske vondt lenge før det. No er eg «back on track», seier ørstingen.

Faren hennar, Hans Petter Tofteland, er ein viktig støttespelar.

Pia har ikkje noko imot å ha han som trenar. 

– Eg føler at eg kan seie meir imot han fordi han er faren min. Viss han pirkar altfor mykje, så kan eg fort bli litt lei, og då seier eg ifrå. Men ja, det er kjekt, seier Pia.

Ho er den einaste i hennar årsklasse som trener friidrett i Ørsta IL. Derfor tok faren over trenaransvaret for Pia i november i fjor. Faren fortel at det er mange utøvarar som har falle ifrå. 

– Av dei ho vaks opp med, er ho den einaste som har stått i det. Men eg ser at ho synes det er kjekt å sette seg mål og halde på med friidrett. Eg synes det er gøy at ho har lyst til det, seier faren stolt.

– Eg har lyst til å bli god i Ørsta. Det er kjekt å komme frå eit lite friidrettsmiljø og prestere bra, meiner Pia.

Det kan likevel vere litt einsamt å trene åleine. Derfor reiser ho til Ulstein ein gong i veka for å trene med andre på hennar alder.

På kveldens trening sto sprintøvelsar på programmet.

I tillegg til hoppgreinene, konkurrerer ho også i fleire sprint- og hekkeøvingar.

Pia prøvar å halde seg allsidig så lenge som mogleg.

Men ho er klar på kva ho likar best:

— Eg synest det er kjekkast å konkurrere i lengde og tresteg.

Pia skal delta på fleire ulike stemne før ho rettar fokuset mot sesongens høgdepunkt: nasjonalt ungdomsmeisterskap utandørs, på sjølvaste Bislett Stadion i Oslo. 

Pia fortel at ho kan vere nervøs fleire månader før viktige stemne. Men ho prøvar å ikkje la nervøsiteten ta overhand.

– Det blir dritgøy, smiler ho.

Friidretten betyr mykje.

– Det ligg på ein veldig spesiell plass i hjartet mitt, om ein kan seie det. Det er litt klisjé, men ja, eg likar det veldig, veldig godt.