NØGD: Nærnett journalistane var nøgd med resultatet av softisen

Rist og tips til deg som vil gjøre noko nytt i påska

Er du lei av dei vanlege påsketradisjonane? Vi har testa å lage softis med snø for å gjere det litt meir spanande.

Publisert Sist oppdatert

Skiturar, brettspel, eggmåling, krimbøker og filmar. Alt dette er kjende tradisjonsrike aktivitetar vi utfører i påska.

Men kva med noko nytt? Til dømes å lage heime laga softis ute i naturen der snø er eit viktig hjelpemiddel.

Softis i snøen

For det er faktisk mogleg å lage softis ute i snøen, noko vi hos Nærnett har testa. Med snø, salt og ein del kroppsarbeid blir du din eigen ismaskin. Dette kan bli den nye kvikklunsjen på skitur.

Slik gjorde vi det:

Dette treng du:

I den store posen

  • 4 l snø (en 8 liters pose halvfull)
  • 10 ss salt (200-250 gram)

    I den lille posen

    • 2 dl kremfløte
    • 1 dl helmelk 
    • 5 ss sukker
    • 1 ss vaniljesukker

STEG 1: Det første vi gjorde var å helle snø og salt i ein stor plastpose. Vi gløymde spade så vi måtte ta snøen for hand. Det var like før vi fekk alvorlege frostskader. Så er snøen hard er det lurt å ta med ein spade. Snøen og saltet blir ganske kaldt saman, så her anbefaler vi å bruke hanskar.

STEG 2: Etter det helte vi fløyte, mjølk, sukker og vaniljesukker i ein mindre pose. Vi tok alt på augemål, men vil du ha eit godt resultat er det nok lurt å måle skikkeleg.

Steg 3: Vidare blåste vi inn luft og knytte posen godt igjen. Den skal vere oppblåst slik at ca. halvparten består av luft. Blir det for mykje luft i posen, blir det vanskelegare å riste den saman med den andre. Vi klarte det på første forsøk, så dette var ganske lett. Veldig lett.

STEG 4: Då alt var klart, putta vi fløyteposen i posen med salt og snø, og knytte igjen rundt toppen slik at fløtyeposen sit godt fast. No er det berre ristinga som gjenstår.

STEG 5: No var det på tide for å berre riste i hjel den posen. Dette skulle vi gjere i rundt 10 minutt. Og dette er den viktigaste delen. Dess betre risting, dess betre blir softisen. Dette er ganske vanskeleg, så her gjeld det å vere fokusert til ei kvar tid. For å få eit vellykka resultat, bør du variere ristemetoden. Det er mange å velge mellom, men her er dei vi brukte.

Rist og tips

AMERIKANEREN: Første varianten vi prøvde er inspirert frå amerikansk fotball. Ein var quarterback og den andre skal ta i mot. Ein kaster posen gjennom beina og spring på løp. Her er presisjon og forsiktighet viktig. Går posen i bakken, er det ein moglegheit for at den sprekker.

JENKA: Etter ei stund vart det kjedeleg å late som ein kan reglane i amerikansk fotball. Så då  dansa vi litt istadenfor, rettere sagt Jenka, saman med posen sjølvsagt. Denne er perfekt for deg som er glad i å danse.

KASTAREN: Etter å ha rista ei stund, var vi klar for den store eldprøva. Dette kan vi berre anbefale for dei mest erfarne ristarane, for her kan det fort gå fløyten. Men vi kasta posen fram og tilbake. Det krevest enorsm mykje fokus og konsentrasjon. Går den i bakken er det nok over.

Plutseleg er vart det is

Når vi var nøgd med risteinnsatsen, sjekka vi om innhaldet vart blitt til softis. Vår var ikkje klar etter ti minutt, så vi måtte riste meir. Kor lenge ein må riste, kjem an på temperaturen ute og kor hardt ein rister. Isen kan også bli for hard, så då må den tinast.

SOFTIS: Det blir altså is, og det smaker faktisk som softis.

Når den har fått ønska konsistens, er det berre å klippe hol i posen og klemme ut den ferske softisen i kopper. Vanskelegare er det ikkje. Og kanskje blir dette den nye påskeaktiviteten? God påske og god apetitt.

Sjå Video frå då vi lagde is her.

Oppskrifta er henta frå Tine.no.

Powered by Labrador CMS