Fleire og fleire vel å kjøpe seg analoge kamera

- Salsidene på Facebook vert større, og det som dukkar opp til sals forsvinn innan få dagar, fortel fotografmeister Gaute Hareide.

Kvifor vel vi analog-kamera?

Tekst av Tare Reklev Øverbø

Foto: Marie Belseth Sanden

Ifølgje Store Norske Leksikon kom det første digitale kameraet allereie i år 1987. Det var selskapet Casio som var først ute på forbrukarmarkedet, men Canon følgde på året etter.

Likevel var det ikkje før kring 2005 at digitale kamera overtok markedet for analoge kamera.

Men no er trenden på veg andre vegen igjen. Fleire og fleire kjøper seg "nye" gamle analoge kamera. På Facebook dukker det stadig opp grupper for sal og bytting av gammalt kamerautstyr.

På Finn.no kjem det nye annonsar kvar dag.

Men kva er det som gjer at ein vil ha den gamle teknologien?

Medieproduksjons-student Iver Alne Bolin trekkjer fram prosessen kring analogt fotografi. Han meiner det er noko heilt anna å jobbe med analogt foto, der ein må begrense seg, kontra digitalt foto, der ein berre kan knipse i veg.

Item 1 of 2

Fotografmeister og tidlegare Høgskulelektor i fotofag, Gaute Hareide, er einig med studenten.

- Vi menneske er nysgjerrige vesen. Vi vert leie av det daglege. Vi vil gjerne ha noko som også er litt eksklusivt.

Den erfarne fotografen fortel at han sjølv opplevde å få fleire gode bilete då han la dei analoge kameraa litt på hylla.

- Prosentandelen med gode bilete gjekk i taket då eg byrja med digital kamera, men eg hadde så klart fleire forsøk.

Han forklarar at prosessen kring analogt foto er langsam, tidkrevande og til tider keisam, men at det også er noko fint med dette.

- Eg trur det er det dei unge likar med analoge kamera. Nostalgien, og det at ein må jobbe lengre, meir og betre for kvart bilete.

Hareide fortel og at kvaliteten på eldre bilete er noko anna enn dei bileta vi har i dag. Dei held seg lengre og betre. Dette bilete tok han sjølv i 1974, og er like fint i dag som då.

- Det vil nok sjå likt ut om 100 og 200 år og.

Til slutt har Hareide ei oppfordring til dei som ynskjer å byrje med analog kamera.

- Ikkje ta mange bilete, ta få bilete. Vel ut eit motiv du likar, og jobb med det. Studer det. Både i forskjellig lys, men og frå ulike vinklar. Det tek øving å verte god på analogt fotografi.