AMBISJONAR: Hareid Group har trua på at fleire kvinner vil søke yrkesfag i næraste framtid

Jobber konkret for å rekruttere fleire kvinner

Av 550 tilsette i Hareid Group er berre ti prosent kvinner. Det vil konsernet å gjere noko med.

Publisert Sist oppdatert

HAREID: HR-sjef i Hareid Group, Silje Grimstad Tvedt, ønskjer fleire kvinner til elektrofag-bransjen. 

– Fleire kvinner i bransjen vil vere positivt både for arbeidsmiljøet, men også for å levere gode tenester med å finne andre løysingar og gjere ting på andre måtar, fortel ho. 

Konsernet jobbar bevisst med å synleggjere faget for å rekruttere jenter. Gjennom arrangementet "Jenter og Teknologi" inviterer dei jenter i regionen som skal til å velge vidaregåande utdanning. Målet er å vise dei kva elektrofag faktisk handlar om.

Hareid Group er leverandør av elektriske produkt og tenester til bygg og industri, skip og privatkundar.

Jenter og teknologi

– Jentene får prøve seg i praksis og sjå korleis vi jobbar. Det er lett å tenkje at ein må vere sterk og fysisk robust. Men ein treng også presisjon og nøyaktigheit. Ofte er det faktisk ein fordel med mindre hender, seier Tvedt.

I haust var det over 80 jenter som var på besøk hos bedrifta. Her fekk dei prøve seg og finne ut om bransjen er noko for dei. Tvedt seier det er positivt å sjå fleire og fleire som vurderer denne yrkesvegen.

– Vi har ei fin utvikling med stadig fleire kvinner. Det er eit stadig pågåande arbeid og det er ønska fleire jenter. Så viss ein har interesse for praktisk arbeid og teknologi så vel dei ein trygg veg, påpeiker ho.

HR-sjef: Ingrid Tvedt er HR sjef i Hareid Group og vil at fleire må bli flinkare til å ta eigne val

Mannsdominert

Men elektrofagbransjen er tradisjonelt eit manssdominerande yrke, og det er det framleis. Det trur Tvedt kan ha ein faktor når jenter vel utdanningsveg.

– Vi er jo slik at vi har ein tendens til å velje det som våre foreldre har valt eller det vennane våre vel. Eg trur det er mykje kulturelt som spelar inn, og ein tanke om at slik er det berre. Det er ein ganske stor å jobb å prøve å snu det, forklarer ho.

Sjølv om ho er ei av få kvinner, trives Tvedt i jobben sin, og seier at det at yrket er mannsdominert ikkje skal vere ein grunn for å ikkje velje elektrofag.

– Mi erfaring er veldig god. Folk er folk og vi er både like og ulike. Ein variasjon er bra og vi treng fleire kvinner, men ein skal ikkje tenkje på at det skal vere grunnen til å ikkje jobbe viss ein har interessen der.

– Stol på deg sjølv

Tvedt seier at det viktigaste er at ein vel ei utdanning som ein har interesse for og som ein brenn for. Difor kjem ho med ei oppfordring til alle unge som snart skal velje utdanning.

– Mitt beste råd er å våge å ta eigne val. Kjenn på kva ein er interessert i og som virkar spanande å jobbe med. Lytt til gode råd frå både vener og familie. Men til slutt er det ditt val så tør å ta eit eige val, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS