SPELEMANN: Jan har starta å spele fele då han var sju år.

Jan spelar på fleire strengar

Jan Beitohaugen Granli er ein erfaren kappleiksutøvar. Felespelaren meiner ein skal ha litt sommarfuglar i magen før ein går på scena.

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: – Ein skal gjera det når ein skal fram å presentere noko for folk som betyr noko for ein.

Jan er frå Valdres, men har flytta til Volda. Det dukka opp ei stilling som hardingfelelærar i kulturskulen i Ålesund.

– Eg tenkte at det er no eller aldri. Slike stillingar veks jo ikkje på tre.

Han fortel at det har vore ei bratt læringskurve. Både med nytt spel, og nytt yrke.

– Men det er jo veldig kjekt å komme hit, og få lære ein ny tradisjon. Eg lærer sjølv og lærer bort på same tid.

KONSENTRERT: Jan spelte seg til topps i klassa på kappleiken i Ørsta.

– No e det mange som banker på døra. Dei vil ha instrument og vera meir med. Det er veldig kjekt.

Elevane vel hardingfela

Jan fortel at det er mindre hardingfele her enn i Valdres, men at ho er i bruk her og.

– Me er i eit slikt grenseområde der det er mest flatfele.

Og blant kulturskuleelevane?

– No er det jo veldig lite att av flatfele, me driv jo å smyg dei over til hardingfele, seier Jan lurt. 

Han har ei lågstemt hardingfele som han brukar i undervisninga for elevar på vanleg fele, men merkar at mange av elevane heller vil ha fele med understrenger.

Felefakta

Hardingfele: Fele med åtte strenger. Fire vanlege strenger og fire understrenger. 

Flatfele: Fele med fire strenger. Og kjent som fiolin.

Fargefele: Ei fele som er måla i ei farge

­– Eg ser jo at dei dreg seg mot hardingfela dei fleste som eg har.

Dei yngste elevane hans spør etter fargefeler, og dei som har fargefele, vil vidare over på hardingfele. Han fortel at dei jobbar med å finne hardingfeler til desse elevane.

– No e det mange som banker på døra. Dei vil ha instrument og vera meir med. Det er veldig kjekt.

Kunne vorte trommeslagar

Hardingfela var ikkje det fyrste instrumentet han vurderte, men det vart fela til slutt.

– Fyrst var eg heilt fast bestemt på at eg skulle spele trommer, fortel Jan.

Han fann fela gjennom kulturskulen. Dei hadde ei fritidsordning der ein kunne få lære forskjellige instrument. På den lista sto det hardingfele.

– Eg hadde sett at nokon spelte hardingfele på tv-en. Då var det korleis dei greidde å få liv i detta her då, dessa strengane og dei stillskruane som eg syns var interessant.

– Dei fyrste åra, det var storsvært.

Det ville Jan prøve. Han ville spele hardingfele.

– Så då eg masa på mor, og spurte når denne fela skulle komme og eg kunne begynne å spela.

Jan fekk vilja si, og vart elev hjå distriktsmusikar Trygve Bolstad, som reiste rundt og hadde opplæring. Han var sju år når han starta å spele.

– Då kom han Trygve heim til oss og då vart det ein heil time med undervisning.

Jan fortel om fine år som elev hjå Trygve. Han møtte ein trygg og god person, som hadde all verda med tid. Viss det var barne-tv når læraren kom så venta han til det var over, før det vart speling. 

– Dei fyrste åra, det var storsvært.

HARDINGFELE: Denne fela har heile ni strenger. Fire over og fem under.

– Det er jo det beste publikummet du kan få.

Ein fin oppvekst

– Dette miljøet som Trygve skapte er det som har gjort at dei fleste av oss som gjekk i lære hjå han har spelt vidare.

Han fortel om ein felelærar som hadde god tid. Dei hadde helgesamlingar kor dei både leika og spelte. Det vart ein fin oppvekst det.

– Då møtte alle ungane, og leverte fela inn på rommet der som Trygve og foreldra satt, og så stemte han felene og medan han prata med dei ein times tid, mens me var ute å leikte.

Samlingane var ei god blanding av leik og speling. 

– Slikt blir det bra miljø av, meiner Jan.

Jan fortel om eit inkluderande folkemusikkmiljø kor dei som har vorte for gamle til å spela og danse sjølv, kjem likevel, for å vera med som publikum.

– Det er jo det beste publikummet du kan få. Som er genuint interessert i å høyre på ungdommen, høyre utvikling og vera støttande. Og alltid sit på fyrste rad på kappleik å føljer med.

Frå delt sisteplass til fyrsteplass

Det har gått nokre år sidan fyrste gong han sto på ei kappleiksscene.

– Fyrste gong eg stilte i C-klassa var på Fagernes i 1992. Då kom eg på delt sisteplass. Så det har resultatmessig krabba seg oppover etterkort då.

Resultata frå fylkeskappleiken i Ørsta er eit godt bevis på nettopp det. Der tok Jan fyrsteplassen i A-klassa med 95 poeng. Den høgaste poengsummen ein kan få på kappleik er 100 poeng.

Her kan du høyre slåttane Jan spelte på fylkeskappleiken:

 ‘Kjærringa i snødrevet’ – ein halling:

‘Bjøllelåten’ i form etter Ola Bø:

 

 

Powered by Labrador CMS