Kim er fanga i ei kvinne sin kropp

Det er ikkje lett å leve med ein kropp ein ikkje kjenner seg heime i. Det veit Kim Luca Dyrkorn Egge alt om. Han blei fødd i ein jentekropp og fekk namnet Jeanette, men har alltid identifisert seg sjølv som gut.

Av , torsdag, 27 oktober 2016 17:36

– Det er som ein krig. Den eine delen av deg seie at du har jentekropp, du skal vere jente. Oppfør deg som ei jente, gå i kjole. Medan den andre delen seie ver deg sjølv, du er ein mann.

Slik beskriv Kim sine eigne tankar om kampen han ofte har måtte kjempa med seg sjølv. Nokre tider har vore vanskelegare enn andre, og 25-åringen fortel openhjarteleg om gongar han har tenkt på å ende alt. Og spesielt puberteten var utfordrande. Som liten var det ikkje eit stort problem å ha jentekropp. Eg var likevel ein av gutta, og valde fisketurar med morfar i staden for å leike med Barbie, fortel Kim.

Men så kom puberteten. Kim gjekk til pappa og spurde kva dette var for noko. Og svaret Kim fekk var at han var på veg til å verte ei dame.

Jeanette vart Kim

Som 17 åring begynte Kim, som enda heitte Jeanette, på Folkehøgskule. Der kom han ut som lesbisk. Dei andre elevane såg at eg var annleis, og spurte rett ut, er du lesbisk? Eg var framleis forvirra, og visste ikkje heilt kva eg var. Det einaste eg visste var at eg ikkje likte gutar. Så då svara eg at ja, eg er lesbisk.

Kim blei saman med Marie Dyrkorn Egge, og etter litt over eitt år som sambuarar lova dei kvarandre evig truskap.Med ein god støttespelar i kona, bestemte Kim seg for å endre både namn og juridisk kjønn. Det er framleis mykje som er og vanskeleg, og fleire gongar i veka har Kim små anfall, der han stivnar til fordi han ikkje klarer synet av sin eigen kropp. Då er det godt å ha Marie, som kan holde rundt han og hjelpe til med å takle det vonde. Det er hatet mot sin eigen kropp som gjer kvardagen vanskeleg, og Kim ventar i spenning for å få byrje på hormonbehandling. – Det tar nok eit år før eg får starte på testosteron. Deretter må eg vente endå eit år før eg får fjerna brysta. Til slutt vil eg få fjerna livmor, eggstokkar, og få laga til ein mikropenis.

 

Sist redigert torsdag, 27 oktober 2016 18:12