KRITISK: Generalsekretær Inger Lise Hansen er ueinig i at ubemanna ølsal er like sikkert som det Coop hevder.

Kritisk til ølsal i ubemanna butikk

Generalsekretær i Actis, Inger Lise Hansen, ønskjer ikkje at Coop Marked Gjerdsvika skal få lov til å selje alkohol i ubemanna butikk.

Publisert Sist oppdatert

SANDE: Nærnett har tidlegare skrive om Coop Marked Gjerdsvika som vil selje alkohol i ubemanna tidsrom. Dei venter framleis på svar frå kommunen om å få løyve.

Coop søker om at kundane kan bruke ein app der ein må registrere seg med bankID for å kjøpe alkohol. Det eksisterer allereie nokre slike butikker i Norge, men Actis – Rusfeltets Samarbeidsorgan meiner dei bør halde seg til dei opningstidene dei har.

– Viktige moment forsvinn i ein ubemanna butik

Actis presenterer på sine sider at dei er ein pådrivar for ein ansvarleg ruspolitikk. Dei meiner at alkoholsal utan fysisk bemanning strider i mot det norske lovverket.

– Ein viktig ting forsvinn når ein tek ut bemanninga i ein butikk, nemleg moglegheita til å sjekke om personen som kjøper alkohol er overstadig berusa. Dette kan ein ikkje kontrollere på same måte over videoovervaking, seier generalsekretær, Inger Lise Hansen.

Ho meiner at det også potensielt blir enklare å bruke nokon andre sin legitimasjon og vanskelegare å hindre vidaresal.

– Har du fått telefonen til ein kamerat, er det lett å bruke hans eller hennar BankID. Ein 18-åring kan også registrere seg med sin bankid i kassa og handle øl til den mindreårige vennen sin som står ved sidan av, seier ho.

– Set heile vår alkoholpolitikk under press

Coop Gjerdsvika har bemanning mellom kl. 12 og 18 og Hansen foreslår at alkoholsalet forblir innanfor det. Ho meiner også at kommunepolitikarane rivast mellom næringsinteresser og ei ansvarleg ruspolitikk som er grunnen til at dette skjer.

– Svært ofte er det næringsinteressene som vinn. Her må det kome endå tydelegare signal frå nasjonale myndigheiter. Når prinsipp i alkohollova utfordrast, set det heile vår alkoholpolitikk, som er bygd på folkehelseomsyn, under press, slår ho fast.

Direktør for politikk og myndigheitskontakt i Coop Norge SA, Ingvill Størksen, er ueinig med Hansen om at dette vil bli eit problem og at dei tek norsk alkohollovgiving på største alvor.

Ville ikkje ha nytta løysinga om den var dårleg

– Denne løysinga i butikkar med digital bemanning ivaretek dagens lovverk minst like godt som tradisjonelle fysisk bemanna butikker. Løysinga bidreg til å begrense skadeverknader av alkoholbruk. Om ikkje, ville vi ikkje ha nytta løysinga, seier Størksen.

SIKKERT: Ingvill Størksen meiner at løysinga deira fungerer minst like godt som i tradisjonelle butikkar.

Handlereisa i ein ubemanna butikk foregår ikkje heilt utan tilsyn frå menneske. Vaktsentralen blir varsla om dei prøver å kjøpe alkohol og Størksen meiner denne kontrollen er minst like bra.

– Vaktsentralen kan sjå om kunden verker rusa, og om det er grunn til mistanke langing. I tilfelle kan vaktsentralen også kreve legitimasjon frå fleire. For at kunden skal få tilgang til alkohol, er det vaktsentralen som må opne skapet.

Størksen meiner at coop held seg innanfor lovverkene og at det ikkje går utover ein ansvarleg ruspolitikk.

– Det er ikkje motsetnad mellom digitalt betjent alkoholsal og ansvarleg alkoholpolitkk. Digital bemanna butikker vil derimot kunne vere det som gjer at dei minste distrikstbutikkane overlever og at menneske som bur der kan nytte seg av nærbutikken sin, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS