BRATTEBERG SKULE: Det kom ikkje fram nye mobbetilfeller i undersøkinga på Bratteberg.

Færre elevar svarar at dei vert mobba i ny undersøking

Trass lågare tal i ny undersøking, er mobbing eit problem i Voldaskulen. Rektorane fortel om stygg språkbruk og mobilhotell som ikkje vert nytta.

Publisert Sist oppdatert

Spekterundersøkinga

  • Ei undersøking skular utfører som rutine for å kartlegge mellom anna mobbing og læringsutbyte.
  • Undersøkinga er ikkje anonym.

VOLDA: I løpet av februar gjennomførte Øyra skule ei spekterundersøking på mellomtrinnet. I motsetning til ei vanleg elevundersøking, så er spekterundersøkinga ikkje anonym. Undersøkinga vert gjort mellom anna for å kartlegge mobbing på eit meir nøyaktig plan.

Tidlegare i år gjennomførte Bratteberg og Øyra skule ei elevundersøking. Den viste at 1 av 5 elever på 5. - 7. trinn vert mobba. Spekterundersøkinga viste derimot tal ned mot èin prosent, ifølgje Elise Lill Riise, rektor ved Øyra skule. 

Resultata er ferskvare

MOBBEOMBOD: Øksenvåg la fram årsrapport på møte med tenesteutvalet for oppvekst og kultur i Volda kommune.

Mobbeombod i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristin Øksenvåg, utelet ikkje at det kan førekome mørketal ved slike undersøkingar. 

– Slik er det med alle undersøkingar, at ein ikkje får fram den direkte sanninga. Det må ein alltid ta høgde for, seier Øksenvåg.

Samstundes peikar ho på at slike tal er ferskvare, og at dei endrar seg til eikvar tid.

Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef for oppvekst i Volda kommune, trekkjer fram grundigare forarbeid som ei mogleg forklaring. 

– Skulane har gjort eit grundigare arbeid i forkant av spekterundersøkinga, med å gå gjennom spørsmål og få avklart omgrepet mobbing tydelegare for elevane, fortel Kongsvik. 

KOMMUNALSJEF: Kongsvik fortel at kommunen skal opprette eigne innsatsteam mot mobbing på kvar skule.

Han meiner òg at ein må ta høgde for at det kan vere elevar som vegrar seg for å svare at dei føler seg utrygge på skulen, fordi spekterundersøkinga ikkje er anonym. 

– Fakta er at det er langt færre elevar som svarar at dei vert mobba i spekterundersøkinga, seier Kongsvik. 

Rektor ved Bratteberg skule, Anita Brekke, fortel at dei har hatt samtale med alle elevane som svarte at dei vert mobba. Brekke seier det ikkje kom fram nye mobbetilfeller i undersøkinga. Ho legger til at alle svar omhandla saker dei allereie jobbar med. 

Viktig å samarbeide

Mobbeombodets årsrapport for 2022-2023 viser at førebygging mot mobbing også må skje i overgangane mellom skular og skuletrinn. Øksenvåg omtalar desse overgangene som sårbare for elevane. Nokre elevar handterer dette greitt, men ho påpeiker at elevar som har negative erfaringar frå før kan ha bruk for tett oppfølging og trygging i overgangsfasane. 

– Dei treng kanskje meir oppbacking, støtte og hjelp for at dei skal kjenne seg trygge på skulen, fortel Øksenvåg. 

Å samarbeide på tvers av skuletrinn meiner Øksenvåg er kjempeviktig. Nokre elevar er redde for at det blir for stor merksemd og mykje styr når skulen skal legge til rette for dei. Ho er tydeleg på at skulen kan tilpasse dette.

– Det er mange gode grep ein kan gjere for å skape tryggleik, utan at det er så synleg for dei andre at det er ein elev som ikkje er trygg, meiner Øksenvåg. 

Innsatsteam mot mobbing

Personar med tverrfagleg samansett fagbakgrunn som skal være tilgjengeleg for skulane i vanskelege mobbesaker.

Rasistisk språkbruk

TIL STADES: Riise vil at dei vaksne skal bli meir med på leiken i skulegarden.

Rektor ved Øyra skule, Else Lill Riise, peiker på at det er i friminutta ting skjer. At dei vaksne er til stades er særleg viktig, og ho ser verdi i at dei vaksne blir med på leiken.

Samstundes opplever ho problem rundt bruk av mobiltelefon på skulen. Øyra er i utgangspunktet ein mobilfri skule. Slik er det ikkje i praksis, ifølgje Riise. Skulen har derfor gått til innkjøp av mobilhotell, men ho meiner at dei må vere enda strengare på dette. 

Brekke peiker på konsekvensane av mobilbruk på skulen, og at det påverkar språkbruken til elevane:

– Det er mykje rasisme, og dei seier ting dei sjølve ikkje veit betydninga av, seier Bratteberg-rektor Anita Brekke.

Riise er samd og understreker at språkbruk er eit stort problem også på Øyra.

Jobbar med tiltak 

Riise lister opp fleire tiltak skulen kan gjere for å unngå mobbing, men trekkjer fram at skulen ikkje kan gjere all jobben sjølv. 

– Det er vesentleg å ha eit tett samarbeid med foreldre, seier ho.

Brekke vil på sin side tette hòl i tenestetilbodet.

– Vi har god kompetanse og gode rutiner, men det er knappheit på ressursar.

Volda kommune er i planleggingsfasen av oppretting av eigne innsatsteam mot mobbing på kvar skule. Dette stadfester kommunalsjef for oppvekst Per Ivar Kongsvik. Før var innsatsteamet ei fellesteneste for alle skulane i kommunen. Han er tydelig på at det er mykje som framleis kan gjerast: 

–  Vi har eit stort utviklingspotensiale i å få enda betre og tettare kontakt mellom heim og skule, seier Kongsvik.  

Powered by Labrador CMS