SNEVRARE TILBOD: Frå og med 1. mai kan ein potensielt ikkje ta denne ferja på føremiddagane i helgene.

Endra ferjeruter kan bli katastrofalt for bygda

Eit nytt forslag frå Fram vil føre til at ferjeruta mellom Sæbø og Leknes ikkje vil gå i ei lengre periode på føremiddagen i helgene. 

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: Grunngjevinga for forslaget skal vere at det er utfordringar knytt til tilgjengelegheit av mannskap på ruta. Med endra rutetider håper Fram at dei kan få til ei gunstigere skiftordning. 

Oddny Flugekvam, som er bosatt i Urke på Leknes-sida av sambandet, ser for seg at viss forslaget får gjennomslag, så vil det få store konsekvensar for lokalmiljøet. 

KRITISK: Oddny Flugekvam stiller seg svært kritisk til Fram sitt forslag.

– Ustabil infrastruktur

– Då eg høyrde forslaget tenkte eg “no igjen.” Det er veldig uheldig at vi må forhalde oss til endringar for kvart budsjettår som er. Det går litt utover livskvaliteten vår med ein så ustabil infrastruktur, fortel Flugekvam. 

Blir forslaget vedtatt, vil det ta effekt frå 1. mai. Ikkje lenge etter byrjar turistsesongen så smått. Flugekvam trur at dette kan påverke bygda og hotellet. 

– Det er absurd at når ein har ei satsing på turisme i området, og er avhengig av at folk skal komme seg til å frå, at ein då reduserer ferjetilbodet. Det er ingen logikk i det. Og det er klart at det vil merkast for turistsatsinga. Eg trur nok spesielt at dei som skal på fjellet eller hotellet vil merke det, seier ho. 

NØDVENDIG: Fleire av dei tilsette ved Hotel Union Øye er avhengig av ferja frå Sæbø for å kome seg på jobb.

Hotelldrifta vil få merke det 

Mariann Øye, hotelldirektør ved Hotel Union Øye, kjenner seg igjen i problematikken med rekruttering, men presiserer at hotellet er svært avhengig av at ferja går på føremiddagen laurdag og søndag. 

– Det er klart at for oss vil det få veldig store konsekvensar med så sein oppstart i helgene, for det er veldig mange av våre tilsette som reiser fram og tilbake og nyttar seg av ferjetilbodet, seier Øye.

Øye trur likevel at forslaget ikkje kjem til å komme gjennom. 

– Eg trur ikkje det hadde vore så populært om vi sa “nei, beklager, vi serverer ikkje frukost i helgene fordi det er så vanskeleg å få tak i folk.” Så eg håpar at den fungerer like dårleg i ferjebransjen. Eg føler meg eigentleg ganske trygg på at forslaget ikkje går gjennom, seier Øye.

Powered by Labrador CMS