DISKUSJON: Torfinn Jensen, Anders Mork og Ingmar Mork planlegg korleis dei skal fikse eine hinderet i bana.

Dugnaden gir internasjonale mogelegheiter

På Hareid førebur dei seg på sesongstart. Fotballgolfmiljøet her er veldig bra, fortel dagleg leiar i Sunnmøre golfklubb Anders Oksavik.

Publisert Sist oppdatert
POPULÆR: Det er mange skular i nærområdet som brukar banene, fortel dagleg leiar Anders Oksavik.

HAREID: - Det er eldsjelene som driv fram og gjer banene klare. Det smittar over på fleire, fortel Oksavik.

Da vi kom til fotballgolfbana såg vi fleire i arbeid med å beise hinder og rydde banene for lauv og vegetasjon.

– Vi håpar å starte sesongen rett over påske. Sesongen varer til langt på haust og fram til at sola ikkje lenger klarer å tine nattefrosten, fortel Oksavik.

Ønsker å få med dei unge

Ein av dei som deltok på dugnaden var Torfinn Jensen. Motivasjonen hans for dugnad er når han kan sjå at mange brukar bana.

– Dette blir gjort til beste for bygda, uten dugnad får ein ikkje til noko, fortel Jensen.

Motivasjonen han får frå dugnadsarbeidet håper han smittar over på dei unge som han også håper å rekruttere til idretten.

–  Ved å ta unge med for å spele, håper vi dei kan sjå verdien av dugnaden, fortsetter Jensen.

Dagleg leiar Oksavik er einig og meinar det er viktig å rekuttera dei yngre. 

PUTTER: Anders Mork viser riktig teknikk. Han fortel at det viktigaste er å heile tida sjå på ballen og sparke med tåa.

Idrett som passar for alle

Fotballgolf er som golf, men med fotball. Det er kortare baner og mindre areal. På bana er det ofte ulike hinder du må innom før du kan sparke ballen i golf-hòlet.

–  Fotballgolf er lågterskel og for alle, fortel dagleg leiar Oksavik.

Vidare fortel Oksavik at klubben har rundt hundre innmeldte på fotballgolfen. Han trur engasjementet kjem frå det store golf-og fotballmiljøet på Hareidlandet. Ein finversdag på somaren når graset er grønt, er det folk som spelar heile tida.

–  Dette merkar vi på nivået. Vi har spelarar som konkurrerer både nasjonalt og internasjonalt, avsluttar Oksavik.

Første turnering for sesongen er Opningsturneringa 1. mai. Til hausten er det ei turnering i Barcelona som fleire ynskjer å delta på.

TEST: Roar Riise ville prøve bana for å sjekke at den var klar for sesongen.

Regjerande meister

Ein av dei som møtte opp for å klargjere banene var regjerande "banemeister" Roar Riise. Bana blei bygd opp på dugnad og Riise er glad for at mange brukar den.

–  Vi spelar minst ein gong i veka og tar gjerne ei turnering i helga. På sommaren prøver vi å spele så mykje så mogleg. Det er sosialt og artig. Eg får røyvd på skrotten og forlenga ei gamal fotballkarriere, fortel Riise.

Sjå reportasje frå torsdagssendinga til Nærsynet her:

Powered by Labrador CMS