Astrid Nicola Hembre McDonald er student på Høgskulen I Volda. Ho håpar spesielt det blir gjort noko med mangelen på leikeplassar for born i Volda sentrum.

Dette meiner voldingane om valresultatet

Senterpartiet og ordførar Sølvi Dimmen held fram med fire nye år i førarsetet, men kva meiner folket på gata om resultatet for Volda kommune?

Publisert Sist oppdatert

McDonald (26) skulle ønske den grøne sida fekk større oppslutning under kommunevalet.

-- Det partiet eg røysta på fekk diverre færre stemmer enn sist. Eg skulle gjerne sett at MDG og SV fekk fleire røyster, og eg kunne i alle fall tenkt meg å sett større oppslutning på den grøne sida enn den blå. Det verkar som at spesielt Høgre har teke litt over i heile landet, noko eg ikkje synest er særleg bra. Sjølv om SP og Dimmen blir sittande i Volda, håpar eg vi får sjå noko forandring den komande perioden. Helse og omsorg treng meir tilskot, sentrum treng meir og betre utvikling, og eg saknar fleire møtestadar for småbarnsfamiliar i Volda. I tillegg til infrastruktur og skule, er dette noko eg håpar det blir jobba med dei komande åra.

  

VANSKELEG: Sølvberg seier at det ikkje er so lett å sette seg inn i politikken i sin "nye" kommune.

Arvid Sølvberg (60) er positivt overaska over valresultatet.

-- Eg skulle helst sett at eg kunne røysta i min tidlegare kommune, Hornindal, då eg dei siste åra har vore "tvangsmøring" her i Volda kommune. Eg har ikkje full kontroll på lokalpolitikken her, men eg har likevel røysta då eg meiner det er viktig å nytte røysteretten sin.

Sølvberg innrømmer at han ikkje har følgt spesielt nøye med på kommunevalet i år, og at han ikkje har noko kjennskap til dei forskjellige ordførarkandidatane, men han er glad for at Senterpartiet held fram med flest representantar i kommunestyret.

-- Vi treng Senterpartiet. Dei skal vere for bøndene, og sjølv om eg meiner at dei av og til blir styrt litt for mykje av andre parti, so trur eg dei kan gjere ein god jobb når dei sjølv har litt makt. Det viktigaste for meg den komande perioden er at dei sluttar å skru opp renta. Det ødelegger berre samfunnet vårt, og det er feil måte å styre økonomien til folk på. Det håper eg at SP og Dimmen kan ta tak i, for det er verkeleg eit alvorleg inngrep i den norske økonomien.

FYRSTE GONG: Sørensen stemte for fyrste gong i ein annan kommune enn heimkommunen. Hvaler.

 Magnus Sørensen (21) stemte for fyrste gong i Volda. Han synest valresultatet er greit, men skulle gjerne sett litt større oppslutning for Arbeiderpartiet.

-- Det verkar som at SP gjer ein god jobb her, og at det er eit viktigt parti for Volda. Sjølv stemte eg Arbeiderpartiet, men det verkar som at mange i Volda er fornøgde med jobben Sølvi Dimmen har gjort tidlegare, so vi får håpe at det held fram slik. 

Sørensen har budd i Volda i litt over eit år, og håpar på at kollektivtilboda kan beidrast dei komande åra.

-- Eg håpar kommunestyret vil fokusere litt meir på kollektivtransport og vegutvikling den komande perioden, slik at det kjem betre og rimelegare reisetilbod for studentar.

 

OPPTATT AV SAMARBEID: Malvik håpar kommunestyret held fram med god dialog og samarbeid på tvers av parti.

Line Malvik (38) håpar på eit fortsatt godt samarbeid i kommunestyret den komande perioden.

-- Eg synest det er fint at dei som har samarbeid godt tidlegare får halde fram ein periode til. Det verkar til at dei har fått gjennomslag i fleire saker, og at det har vore god dialog mellom representantane i kommunestyret. Eg er fornøgd med at Senterpartiet gjor eit godt val i Volda kommune, og sjølv synest eg at Dimmen gjer ein god figur som ordførar. Ho er inkluderande og god til å framheve samarbeid, so no håpar eg at dei fortsett å drifte skule, barnehage og helse på ein god måte.

 

FORNØGD: Mo er glad for at SP og Dimmen held fram ein periode til.

  

Svanhild Iversen Mo (73) synest resultatet var som forventa.

-- Eg er forholdsvis nøgd. Resultatet var ikkje noko revolusjonerande, det var omtrent slik eg hadde tenkt det ville bli. Eg trur Senterpartiet og Dimmen kjem til å gjere det godt den komande perioden, eg synest i alle fall at dei har gjort ein god jobb tidlegare. 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS