BREITT SAMARBEID: Høgre, Framstegspartiet, Kristleg Folkeparti og Venstra har til saman 17 av 25 i det nye kommunestyret.

Desse skal styre i Ulstein kommune

Høgre får den største partigruppa i det nye kommunestyret i Ulsteinvik. Noverande varaordførar Stian Skorgen Scheide tek over ordførarkjedet. Ny varaordførar vert Lisa Mari Breivik Anderson frå Senterpartiet.

Publisert Sist oppdatert

Partia som skal samarbeide i Ulstein dei neste fire åra er Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Til saman har partia 17 av 25 av representantane i det nye kommunestyret.

Av dei 25 innvalte i kommunestyret er det ni kvinner. Det vil seie ein kvinneandel på 36 prosent.

Desse skal sitte i det nye kommunestyret i Ulstein for perioden 2023 - 2027:

 Høgre:

  • Stian  Skorgen Scheide
  • Egil Ulfstein
  • Erica Ruiz Solhjem
  • Hans Petter Thoresen Ulstein
  • Stig Ole Borgundvåg
  • Oscar Overvåg Tafjord

Framstegspartiet:

ORDFØRARSKIFTE: Etter åtte år som ordførar blir det no slutt for Knut Erik Engh sin ordførarperiode.
  • Knut Erik Engh
  • Bennie Bantilan Hansen
  • Alf Johan Antonsen
  • Kjell Barstad
  • Mariette Elise Gjerde

 Arbeidarpartiet:

  • Hanne Notøy
  • Magne Gurskevik
  • Marianne Breivik
  • Aurora Dimmen Bratli

 Senterpartiet:

  • Lisa Mari Breivik Anderson
  • Olivia Nesset Drage
  • Berit Roppen

Kristeleg Folkeparti:

  • Anders Myrene
  • Kjell Lunde

 Industri- og Næringspartiet:

  • Per Lorentz Kopperstad
  • Per Ødegård

 Venstre:

  • Eldar Knotten

Sosialistisk Venstreparti:

  • Morten Feiring

 Konstervativt:

  • Arve Eldar Flø
Powered by Labrador CMS