BLÅ BØLGE: I neste kommunestyreperiode skal ti representantar frå Framstegspartiet møte i kommunestyret her.

Desse skal styre i Ørsta kommune

Framstegspartiet auka mest og har ti representantar i det nye kommunestyret i Ørsta. Ordførarmakta er det likevel Per Arne Sørheim og Høgre som vinn, medan Tove Hasle Digernes frå Senterpartiet blir varaordførar.

Publisert

Høgre og Senterpartiet blir støtta av Arbeidarpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti i fleirtalskoalisjonen. Til saman har dei 20 av 33 mandat i kommunestyret.

Det er valt inn tolv kvinner blant dei 33 kommunestyrerepresentantane. Dette tilsvarer ein kvinneandel på 37 prosent i kommunestyret.

Desse skal sitte i det nye kommunestyret i Ørsta for perioden 2023 - 2027:

 Framstegspartiet:

STOR FRAMGANG: Framstegspartiet, og ordførarkandidat Tore Thon, auka oppsluttninga si i Ørsta kommune, med 14,3 prosentpoeng måndag. 28,9% av stemmene gir til saman 10 representantar i det nye kommunestyret.
  • Tore Thon
  • Hans Olav Myklebust
  • Odd Magne Viljevoll
  • Asgeir Standal
  • Johan Bertel Vartdal
  • Inge Kolås
  • Cindy Helen Hoddevik
  • Kari Janne Myklebust
  • Hogne Sveinung Barstad
  • Eilis-Mari Grinde

 Høgre:

  • Per Arne Sørheim
  • Jahn Christer N. Humberset
  • Guttorm Hagen
  • Rune Hovde
  • Anne Sølvi Vatne
  • Inger Merete Sandvik Sundnes

 Senterpartiet:

  • Tove Halse Digernes
  • Per Ivar Lied
  • Yngve Frøland
  • John Helge Bjørndal
  • Anne Stine Foldal Aam
  • Odd Bjarne Bjørdal

 Arbeidarpartiet:

Karen Høydal og Ørsta Arbeidarparti gjekk fram 3,4 prosentpoeng i årets kommuneval.
  • Karen Gudveig Høydal
  • Alexander Riise Olsen
  • Siri Dahl Masdal
  • Frode Emil Vartdal
  • Børge Even Gundersen

 Sosialistisk Venstreparti:

  • Marit Aklestad
  • Magnar Hjertenæs
  • Synnøve Marie Sætre

Kristeleg Folkeparti:

  • Hjørdis Almelid Vikenes
  • Roger Vartdal

 Venstre:

  • Are Folkestad
Powered by Labrador CMS