Helgemat: Ein lyr til begjær

Matauk-tradisjonen i Noreg er vel verdt å ta vare på. Fisk er ein ressurs ein kan hente opp frå havet heile året, og det krev ikkje mykje penger. Men kva skal ein gjere med han? Moglegheitene er utallege - frå koking av kraft til ein klassisk "rub" fra Louisiana.

Av kokken Thor-ild 19/04 - 2012 kl 16:10

Nærnett har sjekka fiskelukka på Folkestad.

Handsaminga av fisken starter med ein gong du dreg han opp av vatnet. Ikkje la fisken ligge og kveles, skjer over strupen med ein gong og ta ut innmaten. Du velger sjølv om du ønsker å nytte hovudet på fisken til å koke kraft, men då må du ta ut gjellene - ellers vert krafta uklår og uappetitteleg.

Filetering av fisk er greit å kunne:

Bein og anna avskjer må du ikkje finne på å hive, dei nyttas til fiskekraft. Med ei god kraft, kan ein lage gode fiskesupper eller sauser. Frys ned krafta, og ta opp ved høve.

Fiskemat er godt, og enkelt å lage. Grunnoppskrifta her nemner hyse, men all type kvitfisk kan nyttas. Eg ville ikkje nytta torsk grunna den delikate smaken, men ellers er det fritt fram.

Sjølv gjer eg det enkelt, eg nyttar ein "dryrub" og steiker fisken på panna. Dette er ein metode som amerikanerane ofte nytter på grillmat, og det fins eit utall slike krydderblandingar. Den eg nyttar i denne oppskrifta, kjem frå Louisina og er basis for retten "blackened fish". Den kan sjølvsagt og nyttast til kjøt.

Heit cajun-rub:

2 ts paprika

1 ts tørka oregano

1 ts tørka timian

1 ts kajennepepper

1 ts malt svart peppar

1 ts malt kvit peppar

1 ts kvitlaukpulver

Ha krydderet i eit lufttett glas, og oppbevar på ein mørk stad. Hugs på å ha vifta på full guffe når du steiker med denne blandinga, det kjem til å ryke!

Tilbehør som er godt saman med kajun-krydder, er søtpotetmos. Om du ikkje finn søtpotet, nyttar du berre potetmos som har litt gulrot i seg. Brekkbønner er godt å ha attmed.

Andre ting du kan nytte fiskefangst til:

"Koking" av fisk i limesaft, ein latinamerikansk klassikar: Ceviche med laks

Thailandske fiskekaker: Fiskekaker med curry

Lekre småpakker med torsk: Torsk i filo med soya-dip

God helg!

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter