Nærnett
Vi kommer tilbake i høst!
Russejentene frå Volda vidaregåande har investert pengane i sikkert køyretøy framfor interiør og stereoanlegg.
- Den skal heite «Jalla-Tralla. Uten balla». Det er berre jenter på bilen, så vi fann ut at det var eit passande namn, fortel Malene Vatnehol.

Saman med sju andre russejenter har ho betalt 50.000 for ein Chevy Van som er over ti år eldre enn dei sjølve.
Ingen av jentene kan noko som helst om bil.
- Vi har ikkje peiling på kva som er under panseret, seier Malene og ler.
Derfor valde jentene å kjøpe bilen hos ein bilforhandlar. Det mekaniske tek fedrer og onklar seg av.
- Eg har fått beskjed om å fikse seta, seier pappa Egil Vatnehol som òg var med på å finne fram til bilen dei har kjøpt.
Jentene trur dei er dei einaste blant russen i Volda som har ein bil som aldri har vore russebil før.
- Vi har fokusert på å ha ein trygg bil. Vi ville vite at det ikkje er noko gale med motoren og derfor føltest det mykje tryggare å kjøpe den hos ein forhandlar, seier Malene.

Før har bilen blitt brukt som heimesnekra campingbil. No er senga og minikjøkkenet fjerna. Jentene har lakkert den ildraud. Inn skal seter, nytt golv og knallraud velour skal stiftast på tak og veggar.

Dørmatter som samlar opp skitt og vatn har jentene fått av eit vaskebyrå. Det rullast over det flekkete, blå golvet. Det nye teppet tryller ikkje akkurat vekk bilens fortid.
- Det er jo jalla tralla då, seier ei og ler.
- Det er i alle fall betre enn før. Det blir for dyrt å få det til å sjå bra ut, seier Pia Bjørneset.
For jentene er atmosfæren det viktigaste. Ho som har russenavnet Lille Promille kan stadfeste at bilen skal bli sentrum for mange gode minner.
- Festane er høgdepunktet i russetida, seier Malene.
Men sjølv om det kjem til å bli mykje alkohol inne i bildet, har jentene tenkt på sikkerheita også der.

- Vi har ei kontrakt som alle har skrive under. Der står det blant anna at alle har kvar sine dagar til å skaffe sjåfør, elles må ein køyre sjølv, seier Malene.
Når også stereoanlegget kjem på plass, CD-ane er brent fulle av musikk og navna til alle jentene er trykt på bilen skal alt ligge til rette for 17 dagar med fest og moro.
Men før russesleppet 30. april gjenstår det også å få kontroll bak rattet.
- Det er berre ei av oss som har prøvd å køyre den. Vi skulle køyre litt i stad og då berre rykte bilen framover. Alle satt som spørsmålsteikn. Det er uvant med automatgir, seier Malene og ler.
For dei åtte jentene som studerer medie og kommunikasjon ved Volda vidaregåande er det ikkje noko skam å innrømme at dei ikkje kan så mykje om bil.
- Uten fedrene våre hadde det nok ikkje blitt russebil. Då måtte det blitt russesyklar på oss, seier Malene.
Siste Sport
28:04
Se kampen mellom Volda- Surnadal27:04
Følg kampen live fra 14:0013:04
Se Volda Fotballs seriestart live12:04
Takk for oss!12:04
- All ære til Dimna IL11:04
Avfeier nedrykk10:04
Ingen TV-kamper fra Norgesmesterskapet i fotball10:04
Spenning i serieåpninga08:04
Syvendeplass sammenlagt for Ingvild08:04
Overtidsdrama da Hødd tapte i seriepremieren08:04
Topptrener klar for Volda07:04
- Jeg ser ikke bort ifra at vi passer bedre i eliteserien06:04
Tidligere Molde-spiss klar for Hødd06:04
Toppen av vårfjellet05:04
Serieopninga i fareSiste Kultur
18:04
- Ingen bryr seg om karakterer12:04
Takk for oss!11:04
Fullsatt sirkus11:04
Dagsland til Ørsta11:04
Kvar er eigentleg sentrum?11:04
Georg Lipai rauk ut av Idol11:04
Hvorfor er det så ukult å være alene?10:04
Ville levd Volda om igjen10:04
Age of Empires II ute i ny versjon09:04
Havregryn for alle penga!09:04
Mangler frivillige09:04
- Kom dere ut i verden!09:04
Ikke lettlurt08:04
- Verdens triveligste filmfestival!08:04
- Vi begynner å bli ganske drevneSiste Nærsynet
12:04
Takk for oss!11:04
Nærsynet 11. april09:04
Nærsynet 9.april06:04
Nordmenn reiser som aldri før05:04
Tar korteste vei05:04
Tirsdagsklubben - et stort høydepunkt04:04
Discgolf - en sport for alle04:04
Finner slektninger med bomullspinner04:04
Nærsynet 04.04.1304:04
Frykter ny påkjørsel04:04
Ørstingers forhold til selvangivelsen04:04
Saknar kvinnene03:04
Nærsynet 03.04.1422:03
Påskeferie22:03
Svaret på snømytaNyheter