Volda får treårig idrettsfag

Volda Vidaregående skule vil no få ei permanent ordning med idrettsfag.

Torsdag gjekk Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal inn for å forlengje perioda med idrettsfag. I utgangspunktet hadde administrasjonen sett føre seg eit ettårig tilbod. Det skriv Sunnmørsposten. Den planlagde oppstarten av idrettsfaget til hausten skal skje i nært samarbeid med Volda Handballklubb og fotballgruppa.

Ordfører i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland, seier til Sunnmørsposten at det no ser lyst ut for dei som håpar å få gå alle tre åra i Volda.

Skrevet den 07/03 - 2010 kl 11:50 av André Dale Fiskerstrand

Siste Sport

Siste Kultur

Siste Nærsynet

Nyheter