Les siste utgave som PDF
Volda med stortap i Molde
Volda tapte den viktige handballkampen mot Molde i 2.divisjon for kvinner torsdag kveld.
Molde - Volda 35-22 (18-10)
Idrettens Hus, Molde
VOLDA: Runa Vik/Kristin Lothe - Silje Kromsvik, Marte Øvreeide, Marita Øy, Kristin Aske Osnes, Therese Hoskiold, Ingvild Hasle, Hilde Egset, Trine Bakke, Line Hagen.
Toppscorarar: Line Hagen (7), Ingvild Hasle (7)
Utvisningar: Marte Øvreeide (1x2min)
Volda hadde sjansen til å klatre over kvalifiseringsstreken, men Molde vart for sterke i Idrettens Hus torsdag kveld.
Jentene kom tidleg bakpå, og klarte aldri å ta att heimelaget.
- Me hadde for mange tekniske feil som førte til kontringar mot, sa Turid Mork Bakke etter kampen.
Visste det ville bli vanskeleg
Trenaren hadde håpa på eit betre resultat mot tabelltrearen, sjølv om ho visste det ville bli hardt.
- Eg er skuffa over at me tapte med 12 mål, men dette er første året me er i 2.divisjon. Målet vårt er å halde oss i divisjonen, seier Turid Mork Bakke.
Volda handball ligg framleis på niande, ei plassering som gir kvalifiseringsspel, men avstanden opp til Spjelkavik på plassen over, er ikkje stor. Med det har jentene delvis nådd målsetjinga om vidare 2.divisjonsspel. Dei kan ikkje rykke direkte ned.
Laurdag møter jentene tabelltoar Utleira, i den siste heimekampen for sesongen.

Marte Øvreeide og resten av voldajentene tek i mot
tabelltoar Utleira på laurdag. Foto: voldahandball.no











